Spotlight: Blåfogl

I Spotlight tar vi en prat med produsenter og beatmakere som sjelden får like mye oppmerksomhet som hovedartisten.
I dette intervjuet tok vi en prat med den Sunnmøres egne Blåfogl fra skRap Klan.

I korte trekk, hvem er Blåfogl?
Han som flyg inn vindu og leika seg med mikrofonen, klunka på forskjellige instrument og kutta vinyl på platespelaren. Han er kjent for å drøyme ganske lenge når han først he sovna. Også kjent som KimKong når han spytta rim! Medlem i sunnmørsgruppa skRap Klan som består av meg sjølv, bror min Benny Ild, LavaMat, Saigoon, b.righteous, Vizcatia» og til tider (og utider) Legen.

Når starta du med musikken?
Eg har alltid våre interessert i musikk, og leika ein god del med opptak på kassettband i ung alder. På ungdomskulen dreiv dei fleste med graffiti og vi å leika litt med breakdance og ræp saman med forskjellige kompisa. Men det var vell rundt 2000 at gruppa Veislakt blei starta. Veislakt bestod av meg sjølv, bror min og ein anna kamerat frå skulen. Som navnet tyder på, brukte vi hard sunnmørsdialekt på vokalen. Eg og bror min ræppa og kompisen vår scratcha vinyl på ein gammal platespelar han fant i kjellaren (uten mixar). I seinare tid kjøpte han seg skikkelig utstyr som om han drassa med seg når vi spelte på forskjellige arrangement rundt om i Ørsta. På den tida brukte vi det vi kunne få tak i. Som i grunn ikkje var so veldig mykje. Men då eg og bror min kom i kontakt med Vizcatia frå Ålesund starta vi gruppa skRap Klan, som over tid har hatt forskjellige medlem som har komt og gått.

Hva slags utstyr brukte du da du starta og hva foretrekker du å bruke nå?
Då eg starta var det lite grunka i lomma, så eg og bror min produserte beats på familiens PC. Vi brente ut beats på CD og tok med på ungdomsklubben Kaihuset i Ørsta der vi fekk lånt gratis lydstudio ein gong i veka. Vi har alltid produsert våre egne beats og då vi starta brukte vi forskjellige software som vi fekk «ordna» gratis via internet. Cubase, Fruityloops og Sony ACID er dei eg hugsa best. I dag sitt eg framleis å puslar ihop idear med ACID, eit program som har alt eg treng for å få utløp for dei musikalske ideane mine. Men no har vi då også fått ein del hardware og forskjellige instrument inn i stova/studio. Det er kjekt å bere sette seg ned å jamme med ein gitar, ein synth, eller bassgitar og bere spele inn over eit trommespor. Men det eg likar best er å kutte ihop to samples på platespelarane og spele det inn over trommer som eg har programmert i ACID. Trommene sampler eg frå alle mulig forskjellige kjelder, spelar sjølv, eller tek opp ein kompis som spelar. Deretter finpussar eg gjerne litt på melodiopptaket og spelar forskjellige ekstra instrument over dei forskjellige partia. Også var eg so heldig å fekk lånt ein SP404 av ein kompis ei periode. Det var stor stas! Skulle gjerne kjøpt meg ein sjølv etter den opplevelsen eg hadde med den sampleren. Utrulig fin maskin! Men stort sett blir det ACID eg jobbar med no for tida. Siste månaden har eg også blitt veldig hekta på å mekke beats på eit samplesequencer homebrew program på Nintendo DS som heiter Nitro Tracker. Ubeskrivelig kjekt å gå rondt å sample alt muleg rart med den innebygde mikrofonen.

Hør noen beats av Blåfogl på YouTube:

Hvordan vil du beskrive musikken din?
God gammaldags reinspikka Sunnmørs-hiphop? Eg likar å ikkje sette noke særlige rammer rundt musikken eg laga og til tross for at vi er 6 stk. beatmakerar i skRap Klan so blir det veldig variasjon i lyden når vi lagar låter saman. Personlig likar eg i grunn å bere frike ut på inspirasjon. Kan vere veldig mørk stemning til tider, men også lystig. Når eg lagar ting brukar eg bere å leike meg med det eg finner der og då. Også brukar eg ofte mykje vokalsample-baserte ting i beatsa mine som eg lånar frå vinyl, kassettar, diverse spel, film eller seriar. Slikt er verdifullt å ha på lager, so eg kan kutte det opp med platespelaren! 

Hvilke andre sjangre enn hiphop har du jobba med?
Eg er veldig glad i dei fleste sjangera innen musikk, og saman med bror min har eg jobba litt innanfor reggae sjangeren. Sovidt eg veit var vi dei første som laga reggaemusikk på sunnmørsdialekt rundt 2005. Men som eg også nevnte tidlegare er det alltid kjekt å plukke opp eit instrument å bere improvisere saman med kompissar. Då hender det vi bevegar oss innom alle mulige slags sjangrar.

Hvilke artister har du jobba med så langt?
I løpet av dei siste åra har vi jobba med ein god del varierte folk. Både frå heimlandet Noreg og frå utlandet. Nokre av dei som kan nevnast i farta er: Folie44, Kenny Stackz, b.rigtheous, Greven Av Gal og DJ Sixpence frå Ålesund. Paul Bernard frå Bergen. Simon Moholt, Cojonas og Tommy Klemp frå Oslo. Jiad Gingerman frå Larvik. Zig Urt frå Danmark.  Geechi Dan og Claud frå USA. Ömür frå Tyrkia. Kidnapper frå Hellas. Bogedi, Kool Klaus og Joey File frå Tyskland. Vi var sovidt med på ei låt ved eit Side Brok live show, og når eg tenker meg om burde vi kanskje samarbeida meir med dei?

Hvem er favorittprodusenten?
Det er heilt klart Vizcatia. Punktum.

Hvilken utgivelse er du aller mest fornøyd med å ha bidratt på?Det er igrunn noko eg ikkje går rundt å tenker so mykje på, men eg blei bra fornøgd når Bogedi, Kool Klaus og Joey File frå Tyskland lagde en EP med skRap Klan beats. Det var kjekt å høre!

Blå2

Hvilken norsk artist kunne du tenke deg å jobbe med?
En av dei artistane eg har mest respekt for, og alltid har blitt inspirert av er Ubåt. Det hadde selvfølgelig vert kjekt å fått til noko med ein slik pionèr.

Hva inspirerer deg?
Det er kult å finne ein vinyl eller ein link til noko rar musikk eg aldri har hørt før. Det er alltid kjekt å finne nye samples. Då kriblar det i fingrane. Og når eg stikk på besøk i studio til Saigoon og vi bere sit og jammar i timesvis med forskjellige instrument. Eller når det mystiske udyret Apaldal Apen stikk innom og viss bror min spyttar eit nytt vers han nettopp har skrevet. Då må eg bere sette meg ned å mekke ihop noko sjølv. Når Vizcatia sender over en ny beat med noko spytt frå Legen. Men ein tur i skogen, eller ei vandring på fjellet er også ganske innspirerande.

Hvilket musikalske verk har forma deg mest som musiker?
Med tanke på den breide musikk smaken eg har, så er det veldig vanskelig å skulle summere opp. Eller kanskje det bere er eg som ikkje gidd? (Journ.anm. Ja, si det?)

Hvor vil du plassere din musikk innenfor subsjangrene innen hiphop?
Vanskelig å sei. Eg laga bere det eg sjølv har lyst til å høre, en til tider veldig skitten samplebaserte eksperiment. Kan vere ganske jazzy til tider, og av og til funky. Men i alle fall boom bap.

Hva kan vi forvente oss i framtida?
I framtida blir det nok samme gamle skrapet som før. For litt tilbake i tid sida laga eg ein beattape på kassett som heiter «JazzTobakk Vol.1 & 2 (Og Andre Urter)». Sei ifrå viss du har lyst på en!

Sist, men ikke minst: Hvis du kunne jobbet med en artist (død eller 
levende) hvem ville det vært?
-SYNTAX ERROR- Spørsmålet kan ikkje besvarast.

Hør mer av Blåfogl på SoundCloud: